- Det Nils Tveit greidde å utretta på 73 år, skulle normalt vore nok til å fylla tre liv, fortalde Mari Lyssand. No blir det bok om livet til Os sin store son.

I tillegg til å stå bak fleire bøker, var han trebarnsfar, gardbrukar, rosemålar, ordførar, fylkesordførar - og møtande vara til Stortinget. For ikkje å nemna verva i Os Skjotarlag eller styret for Osbanen.

«Saborg - også vi, når det blir krevet» er ei skattekiste for alle med interesse for lokal krigshistorie.

70 år skulle det ta før sabotasjeorganisasjonen på Vestlandet under andre verdskrigen - Saborg - skulle få si eiga bok.

Historikar, osing og tidlegare journalist i «Os og Fusaposten» Ole-Jacob Abraham, er hovudforfattar av boka, medan Terje Olsen, som er sonen av ein Saborg-krigshelt, har vore medforfattar.

Nyhetsbrev fra Slekt1

 

Gratis slektstavler