Fekk dramatiske opplysningar om slektshistoria siste veka

NRK
Typografi

Etter duell med Per Midtstue Jensen (28) rauk Magnus Vartdal (22) ut av kveldens Anno. Han tek utrykinga med fatning, men skulle gjerne ha fått gjort meir i 1537 etter å ha nytta mykje tid på å bli smedmeister.

– Det var jo kjipt på den måten at eg hadde drive med dette i to veker, éi veke på sveinestykket, éi veke på meisterstykket, og endeleg fått oppnådd det eg ynskja med Anno, seier Magnus.

– Så kjem dagen etterpå, der eg kunne miste alt saman.

Og etter 28 dagar i Erkebispegarden var det altså over. Smedlærlingen som arbeider på Hjerleid skole og handverkssenter på Dovre likte tida i 1537, men sakna spesielt éin ting:

– Det å ta ein god, lang, varm dusj er ein av dei største luksusane vi har i dag! Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (12:30) Sjå fekteduellen mellom Magnus og Per her.Du trenger javascript for å se video.

Sjå fekteduellen mellom Magnus og Per her.Sjå heile kveldens episode herTippoldefaren bygde opp familiegarden på nytt etter dramatisk ras

Etter å ha blitt meister i smedlauget fekk Magnus sjå si dramatiske slektshistorie i kveldens episode. Historiene frå forfedrar er noko han har hatt interesse for tidlegare.

– Eg er av typen som alltid har sete og høyrde på besteforeldra snakke om slekt, det er ei interesse eg har hatt frå før, seier Magnus.

Hans tippoldefar, bonden Ola Sivert Olsen fekk i 1837 garden på Ulstein utrydda etter at uvêr førte til eit uhyggeleg stort ras. Med gravid kone og åtte ungar var han tvungen til å byggje opp alt på nytt, noko han også klarte.

– Det er jo på ein måte dei eg har sett opp til, for å utvikle meg sjølv, forbetre meg sjølv. Eg vil vere like tøff og hardtarbeidande som det dei var. Sjå Magnus si slektshistorie om Ola Sivert Olsen her.Du trenger javascript for å se video.

Sjå Magnus si slektshistorie om Ola Sivert Olsen her.LES OGSÅ: Anno-Katjas bestemor vart seld på torget som bornBlir ekte smedsvein til sumaren

Alt arbeid som vart gjort i Erkebispegården var viktig for kvardagen, noko Magnus sette pris på. Mjølet dei nytta dagen på å kverne, vart nytta til å lage brød til dagen etterpå. Dagane vart kanskje lange, men dei gav han energi.

– Leverytma saknar eg. Vi stod ofte opp i 4-5-tida – eller det vi trur var 4-5-tida, når sola kom – og la oss kanskje i 8-9-tida om kvelden. Då hadde vi jobba heile dagen frå morgonen av. Magnus smed, i Anno

– Meg og reality-show går ikkje heilt hand i hand. Men dess meir eg tenkte på det, dess meir var det eigentleg opp mi gate, seier Magnus om Anno.Foto: NRK/Strix

Som ung og oppteken av gamalt handverk vart han invitert til ein audition på Anno, som førte han vidare inn i programmet, sjølv om han seier at han og reality-show vanlegvis «ikkje heilt går hand i hand».

No er Magnus attende i verkstaden på Dovre, der han til sumaren skal gjere ferdig sveinebrevet som smed.

– Korleis set du sveinebrevet i Anno oppimot det ekte?

– Tja, seier han, og tenkjer nokre sekund.

– Eg set nok det ekte litt høgare.Sjå alt av Anno i NRKs nett-TVAnno sendast kvar måndag og onsdag kl. 19:45, og fredag kl. 19:55 på NRK1.

Nyhetsbrev fra Slekt1

 

Gratis slektstavler