Historia om Flora

Historia om Flora
  Do a quick search for this at:
  Search tips
Oria The National Library of Norway
Library search Antikvariat.net History of the Danes Online
Subtitle
Før byen kom : tida fram til 1860
Volume
1
Author(s)
Gaute Losnegård
Year
2012
Publisher
Selja
ISBN
9788282400589
Pages
495
Part of the work
Historia om Flora
Source
BIBSYS

Bysamfunnet Florø i Flora kommune er den eldste byen i Sogn og Fjordane, grunnlagd 1860. Bind 1 i dette historieverket tek lesaren på ei reise frå dei eldste tider og fram til byen kom. Vi høyrer om Stakalleneset, der det var økseproduksjon i steinalderen. Om bergkunsten i Ausevika frå bronsealderen, som i dag er eit kulturminne av stor nasjonal verdi. Ytst i havgapet på Kinn vart det i mellomalderen bygd ei steinkyrkje, på ein stad som i dag ligg utanfor allfarveg. Men den gongen låg Kinn ved \'riksvegen\', og nær fiskefelta. Frå 1600-talet var Svanøya eit viktig sentrum, både som futegard, adelssete og frå 1800-talet eit samfunn av driftige haugianarar. Historia om Flora er rikt illustrert og gjev eit vidt innblikk i korleis forfedrane våre levde, både om levekår og næringsvegar. Livet på kysten av Sunnfjord har vore prega av både stagnasjon og framsteg, uår og velstandsår, krig og fred.