Bruvik var delt i tre sokn, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn. Ved kommunereguleringa i 1964 vart Bruvik herad delt mellom dei to nyoppretta kommunane Osterøy og Vaksdal. Det gamle bygdesenteret Bruvik med Bruvikstranda og Bruvikdalen vart overført til Osterøy kommune. Resten vart Vaksdal kommune. I tilegg vart heile Bergsdalen og øvste del av Eksingedalen overført frå Evanger. Resten av Evanger vart del av Voss kommune. I Modalen vart midtre del av Eksingedalen overført til Vaksdal og tre gardari Romarheimsdalen, Nipen, Fosse og Dyrkolbotn til Lindås.
For få ei komplett nettstad for bygdebøkene i Vaksdal kommune var det nødvendig å digitaliser frå 6 bøker.
Vaksdal Bygdebok er i tre band.
Bruvik sokn, 1981.
Dale sokn, 1974
Stamnes sokn, 1965.
Bergsdalen b. I, 1978.
Modalen b. I ættesoge, 1984.
Evangerboka b. I, 1982, øvre del av Eksingedalen.
Samla på ein plass vil dette væra ei fin kjelde for historie og slekts interesserte både i og utanfor kommunen. Sidan delar av kommunen historisk har hatt nær tilknyting til Modalen er bygdebok b. I for Modalen også tatt med. Vaksdal kommune vart oppretta i 1964. Den vart samansett av delar frå kommunane Bruvik, Evanger og Modalen.
Gamal ferdsle på fjord og i fjellet førde slekter kring i området. Med å digitalisera området er det mogleg å linka saman slekter frå gard til gard. Det er også laga til eit ”Diskusjonsforum” der ein kan leggja inn kommentarar og rettingar.
Redaksjonen vil med jamne mellomrom oppdater nettutgåva med rettingar.
Prosess.
Prosessen fram til den digitale utgåva var omstendeleg. Kvar bok vart delt opp i lause ark som vart scanna som PDF filer. PDF filene vart kjørt gjennom eit OCR program og konvertert til Word-filer. Den konverteringa medførte eit svært korrektur arbeid. Papirkvaliteten i dei ulike bøkene gav ulikt resultat ved konvertering. Etter korrekturlesing vart Word dokumenta konvertert til wiki-filer.




