“Venner av Aurlandsdalen” får Riksantikvarens kulturminnepris for 2022

Vinnar av Riksantikvaren sin kulturminnepris for 2022 er Venner av Aurlandsdalen. Foto: Willy Nikkers

– Me er veldig takksame for å ha fått Riksantikvarens kulturminnepris for 2022. Det er heilt fantastisk, seier Sigrid Sønnerheim Tønnessen, leiar av “Venner av Aurlandsdalen”.

--Annonse--

Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. Prisen blir delt ut under Riksantikvarens haustmøte som blir arrangert på Røros denne veka.

Aurlandsdalen frå Aurland til Hol er ein av dei gamle ferdselsvegane mellom Vestlandet og Austlandet. Vegen vart brukt som gardsveg, stølsveg, drifteveg og no turveg. Venner av Aurlandsdalen er ei aktiv dugnadsgruppe som tek vare på denne historiske ferdselsåra.

– Me er ein dugnadsgjeng som jobbar på stien og freistar å halde den ved like. Ferdselsårene i Aurlandsdalen er veldig viktig å ta vare på, det har med røtene våre å gjere. Dette var hovudvegen frå Vestlandet til Austlandet. Alle som brukte dalen gjekk på desse stiane, difor er dei ein viktig del av kulturhistoria vår, seier Sønnerheim Tønnessen.

Populært turmål

Landskapet er i stadig rørsle og det krev årleg innsats frå mange folk, for å halde stien open for dei om lag tjue tusen gjestane som kjem dit kvart år. I 2018 fekk ruta status som “Historisk vandrerute”, eit samarbeid mellom Riksantikvaren og DNT som skal gjere gamle ferdselsvegar betre kjend og meir brukt.

– Venner av Aurlandsdalen gjer ein fantastisk innsats for å ta vare på historia vår, seier riksantikvar Hanna Geiran, og dei brukar fritida si på natur- og kulturarv til glede for oss alle.

Foreininga har om lag fire hundre dugnadstimar i året og arrangerer blant anna ein årleg stiryddingstur 1. mai. Det er ikkje berre folk som bur i området som er med på dugnadsarbeidet, men også andre eldsjeler rundt om i landet.

– I Aurlandsdalen går kultur- og naturarv hand i hand. Dei gamle ferdselsvegane knytte folk frå aust og vest saman, og var livsnerven for dei som budde i dei små fjordarmane på Vestlandet. Det at vi framleis kan gå slike ruter, også hundrevis av år etter at dei har gått ut av dagleg bruk, bidreg til at vi kjem nærare dei som var her før oss. Innsatsen dei frivillige legg ned for det vakre kulturlandskapet i Aurlandsdalen kan ikkje målast i kronar og øyre, seier Geiran.

Juryen si grunngjeving

Venner av Aurlandsdalen er ei aktiv og dedikert dugnadsgruppe som tek vare på ei viktig historisk ferdselsåre. I mange år har dei frivillige arbeidt med vedlikehald av kulturlandskapet.

Landskapet i dalen er i stadig rørsle, og det krev årleg innsats av dei frivillige for halde stien open for dei mange tusen gjestane som kjem kvart år.

Vennene er mange, her er også eldsjeler frå andre stader i Noreg med, i tillegg til folk med røter i dalen og andre som er bergtekne av Aurlandsdalen.

Innsatsen til Venner av Aurlandsdalen gjer vandringa gjennom Aurlandsdalen til ei av dei flottaste natur- og kulturopplevingane i Noreg!

Frivilligheitsåret 2022 skal feire Noregs viktigaste lagarbeid. Med årets tildeling ynskjer juryen å setje fokus på og heidre den frivillige innsatsen i kulturmiljøvernet. Venner av Aurlandsdalen er eit framifrå døme på dette.

Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris:

2021: Møllstunet i Geiranger
2020: Inga Næss
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreininga Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegarden v/eigarane Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skule og handverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/ eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne