Søketips
Band 2 av Bygdebok for Eid omhandlar tretten matrikkelgardar som alle sokna til Hornindal kommune fram til 1965. Ni av gardane ligg på nordsida av Hornindalsvatnet, dei fire siste på Sudstranda. Grendalaga ved vatnet har ei rik og spanande historie som vedkjem langt fleire enn fastbuande. Mange har slektsrøter frå desse områda. I framstillinga er òg utskilde fritidseigedomar tekne med, i tillegg til eit betydeleg tal eldre og nyare feste.