H.K.H. Kronprins Haakon besøker Arkivverket ved Sognsvann i Oslo 1. september 2021 klokka 10.00.
Arkivverket tek vare på Noregs største samling av middelalderdokument. I perioden 2017- 2019 vart ei betydeleg mengd middelalderkjelder digitalisert og gjort tilgjengeleg for alle på Digitalarkivet.no. Det opnar for ny bruk og forsking.
Kronprinsen vil under besøket få høyre meir om arbeidet med digitalisering av middelalderkjeldene, og kva moglegheiter bruk av teknologi/kunstig intelligens på nær 1000 år gamle kjelder gir. På programmet står også ei omvisning i middelaldersamlinga i Arkivverket sine magasin.
Arkivverket har som ambisjon at alle dokument frå middelalderen (i Arkivverket si samling) skal vere tilgjengelege digitalt innan det store jubileet i 2024, då det er 750 år sidan Magnus Lagabøte innførte den første lova som gjaldt for heile Noreg (Landslova).
Ordførar i Oslo, Marianne Borgen, vil også vere til stades under kronprinsbesøket.
Tid: Onsdag 01. september kl. 10.00
Stad: Riksarkivbygningen på Sognsvann i Oslo, Sognsveien 221.