Riksantikvaren og Kulturdirektoratet er bekymra for kulturarven i Noreg. – Kultur og kulturarv er vår felles identitet, og må være ein del av den nasjonale beredskapen.
Riksantikvar Hanna Geiran og direktør i Kulturdirektoratet Kristin Danielsen har nettopp arrangert nasjonal konferanse om beredskap i museer, kulturminne og kulturmiljø, bibliotek og arkiv i Oslo. Det er første gong Riksantikvaren og Kulturdirektoratet arrangerer eit slikt arrangement i stor skala. Bakteppet er mørkt.
– Verda er meir ustabil, og vi må ta inn over oss at kulturarven vår er utsatt, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Konsekvenser av klimaendringar, krig og væpna konflikt kjem stadig nærare, og vi må være forberedt på at Noreg også kan verte ramma, seier Geiran.
Konferansen “Kulturarven som mål, middel og motstandskraft” har hatt som mål å tydeleggjere kulturinstitusjonane si rolle i den nasjonale beredskapen, i takt med at den skjerpast i Noreg.
Direktør i kulturdirektoratet, Kristin Danielsen, utdjupar:
– Kultur er så integrert del av samfunnet vårt at me ofte gløymer verdien og samfunnsnytta, seier Danielsen.
– Det ser vi når kultur ikkje er godt nok integrert i den nasjonale beredskapen. Men vi må anerkjenne at kunst og kultur bygger motstandskraft i samfunnet, han skapar opne møteplassar for folk og fører dei tettare saman. Derfor er den også noko av det første som blir angripen, seier Danielsen
Verdssituasjonen påverkar norsk forvalting
For kva for funksjon og ansvar har museum, arkiv, bibliotek og andre i den store beredskapssamanhengen?Kulturdirektoratet, Riksantikvaren, Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet, regionale og lokale aktørar forvaltar vår felles hukommelse og identitet. Men samordninga nasjonalt må likevel bedrast. I ytterste konsekvens risikerer vi å miste historia om kven vi er og kvar vi kjem frå.
Riksantikvaren er nasjonal koordinator for implementeringa av Haag-konvensjonen. Dette inneber å legge til rette for, og samordne, kunnskaps- og erfaringsutveksling mellom dei sektorar og nivå på kulturarvfeltet. Det skal også komme ei nasjonal sikkerheits- og beredskapsgruppe for kulturverdiar, der sittande riksantikvar har rollen som generalkomissar.
Direktorata er likevel ikkje åleine om dette ansvaret. Konvensjonane er internasjonale forpliktingar som også skal følgjast opp på regionalt og lokalt nivå, slik den nasjonale totalberedskapens ansvarsprinsipper for beredskap også gjer.
– Vi er gode på beredskap lokalt, seier Geiran.
– Men vi må også ha ein sterkare nasjonal beredskap på kulturarv. Riksantikvaren arbeider eksempelvis med ein nasjonal rettleiar for risiko- og sårbarheitsanalysar av kulturmiljø, som går inn som del av vårt arbeid med beredskap.
Unescos konvensjon om beskyttelse av kulturverdiar i tilfelle av væpna konflikt (1954) og annen konvensjon (1999) og Unescos konvensjon av 1970 er verdssamfunnet sine tiltak for å hindre ulovleg handel med kulturgjenstander.
– Når Justis- og beredskapsdepartementet ferdigstiller den kommande stortingsmeldinga om styrkt totalberedskap i Noreg, har vi forventninger om at funksjonen og rolla til kultur og kulturarv blir anerkjend og definert som ein integrert del av samfunnet og dermed av totalberedskapen, seier Danielsen.
– Riksantikvaren og Kulturdirektoratet sørgjer for å følge opp desse konvensjonane, som handlar om å beskytte kulturarv mot angrep, øydelegging, tjuveri og ulovleg omsetting så vel i freds- som i krigstid, seier Danielsen.