Arna bygdebok

Arna bygdebok
  Gjør et hurtigsøk etter denne hos:
  Søketips
Oria Nasjonalbiblioteket
BiblioteksøkAntikvariat.net
Undertittel: Bygd nær byen 1840-1972
Bind: 2
Forfatter(e): Svein Ivar Angell
År: 2004
Utgitt: Alma mater I samarbeid med Bergen kommune
Sider: 591 S.
Emne:
Kilde: BIBSYS

Forlagets omtale:
Dette er ei forteljing om korleis Arna vart moderne, og kva dette fekk å seia for folk sitt liv i arbeid og fritid. På midten av 1800-talet var Arna eit typisk vestnorsk jordbrukssamfunn, men på same tid eit industrisamfunn, etter at industristaden Ytre Arna vart etablert i 1846. Mot slutten av dette hundreåret var heile bygda trekt inn i utviklinga fram mot ei moderne tid. Dampbåtsambandet mellom Arna og Bergen vart bygd ut, Vossebanen opna – og jarnbanelina strekte seg tvers gjennom arnabygda. Ved inngangen til 1900-talet var òg store delar av bygda bunde saman av eit vegnett. Nærings- og samferdsleutviklinga i Arna frå 1840-åra fram til 1972 la rammene for samfunnslivet og hadde stor innverknad på folk sine levevilkår. På same tid har nærleiken til Bergen hatt mykje å seia for livet i bygda, og ved slutten av denne perioden vart bygda ein bydel i Bergen. Boka er rikt illustrert, og formidlinga av historia skjer i både tekst og bilete, det er som å reise i tida.